Foto: Bingsa Gjenvinning AS

Marknad- og kommunikasjonsrådgivar

Bingsa Gjenvinning og ÅRIM bruker aktivt kommunikasjon som eit av våre viktigste verktøy – både strategisk og operativt. No treng vi å styrke kommunikasjonsstaben vår. Har du lyst på ein meiningsfylt og spanande jobb der du jobbar med sirkulær økonomi i praksis?

I 2022 slo Bingsa Gjenvinning og ÅRIM seg saman. Vi har høge ambisjonar for selskapet og no treng vi fleire hender til å løfte kommunikasjons- og markedsføringsarbeidet slik at vi når betre ut til målgruppene våre.

Brenn du for god innhaldsproduksjon gjennom tekst og bilete og er dreven i SoMe-handtering ? Har du erfaring med digitalisering av manuelle oppgåver med mål om å auke kvaliteten på kundereisa?

Dette er ei unik moglegheit for deg som vil jobbe i grensesnittet mellom marknadsføring og kommunikasjon i ei svært framtidsretta bransje. Vi er på jakt etter deg som ønskjer ein jobb med meining og som vil vere med å bygge opp eit nytt miljøselskap for heile Ålesund-regionen.

Nasjonalt nettverk med unik delingskultur

Du vil oppleve eit inkluderande og engasjert nasjonalt bransjenettverk med høg kommunikasjonsfagleg ekspertise, som alle jobbar mot same mål. Nettverket samlast til fleire faglege arrangement gjennom året.

Planlegg din eigen arbeidskvardag

Leiar for kommunikasjon og marknad vert leiaren din, og du vil få ei viktig rolle knytt til arbeidet med å auke grada av kjeldesortering både hos næringskundar og innbyggjarar. Det er bratt læringskurve så du vil ha nytte av eit tett samarbeid med fleire disiplinar internt. Arbeidsstaden din blir på Moa og på Bingsa. Vi har fleksibel arbeidstid og moglegheit for heimekontor ved behov.

Har du spørsmål om stillinga? Vi vil gjerne høyre frå deg.

Dine arbeidsoppgaver:

  • Produsere kvalitetsinnhald for digitale og trykte flater – du må difor både ha gode auge og ein god penn (merk: målform er nynorsk)

  • Webredaksjon

  • Bruke di digitale og kommunikasjonsfaglege kompetanse for å bistå med optimalisering av kundereisa

  • Drive opplysningsarbeid for ulike målgrupper både gjennom digitale kanalar og besøk

Dine kvalifikasjonar:

  • Relevant utdanning og nokre års relevant arbeidserfaring

  • Erfaring med innholdsproduksjon og/eller innholdsmarkedsføring

  • Kompetanse på grafiske designverktøy for produksjon av bilde- og videomateriell til sosiale kanalar

  • Ein viss grad video- og fotokompetanse

  • Svært gode kommunikasjonsevnar skriftleg og munnleg

Dine eigenskaper:

  • Initiativrik, sjølvstendig og med stor gjennomføringsevne

  • Jobbar systematisk og målretta

  • Oppdatert på trendar og utvikling innan kommunikasjonsfaget

  • Engasjert og har gode samarbeidsevnar

  • Mot og evne til å ta initiativ, og utfordre etablerte tankesett

Du har sjølvsagt visse forventingar til oss som arbeidsgivar. Her er noko av det vi kan tilby:

  • Eit selskap i endring med fokus på berekraftig vekst

  • Ei sentral rolle i å bygge eit «nytt» og samla miljøselskap for heile Ålesundregionen

  • Vi har fokus på både personleg og fagleg utvikling hos alle tilsette

  • Gode moglegheiter for fagleg påfyll

  • Eit triveleg og uformelt arbeidsmiljø der du får stor frihet til å påvirke eigen arbeidskvardag

  • Fleksible og gode arbeidstidsordningar med god balanse mellom jobb og fritid

  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår

Bingsa Gjenvinning jobbar for ein mangfaldig bransje der alle er inkludert og representert. Vi oppfordrar alle kvalifiserte personar til å søke.

Er du den vi ser etter? Vi ser fram til å høyre frå deg!

Om stillingen
Søknadsfrist: 23. mars 2023
Arbeidssted: Alvikvegen 194, 6019 Ålesund
Om selskapet

Bingsa Gjenvinning AS

Bingsa Gjenvinning blei omdanna til aksjeselskap frå juni 2019 og gjennomgikk dei to påfølgande åra ein solid snuoperasjon i drifta. Frå 1. januar 2022 samla Bingsa Gjenvinning og ÅRIM seg i eit nytt miljøselskap.

Selskapet er eit kompetansesenter som legg vekt på miljøvennleg og effektiv drift. Samla er vi eit av nordvestlandets største miljøselskap og ein totalleverandør innan avfallsløysingar for nærings- og husholdningskundar. Våre 109 tilsette er fordelt på innsamling, miljøstasjon, anleggsdrift og administrasjon.

ÅRIM er eit dotterselskap i Bingsa Gjenvinning-konsernet, og har ansvar for lovpålagt innsamling og gjenvinning av avfall og slam i sju kommunar. Vi driv ni miljøstasjonar og har årlege innsamlingar av miljøfarleg avfall i nærområda til innbyggjarane.

Det samla selskapet er eigd av kommunane Ålesund, Giske, Sula, Fjord, Vestnes, Sykkylven og Stranda.

 

Bingsa Gjenvinning sin eigarstrategi har tre hovudmål:

Gode og effektive tenestar til innbyggjarane til akseptabel pris
Lokal verdiskaping som sikrar avkastning på investerte verdiar
Redusere klimautslepp, samt auke grad av gjenbruk og gjenvinning.

Adresse: Alvikvegen 194
6019 Ålesund
Kontaktinformasjon

Caroline Mehl Nakken

Leiar for kommunikasjon og marknad
Mobiltelefon: +47 483 30 689
Stikkord
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.