
Klikkvenlege hydrogenferjer på NRK
Debatten om hydrogenferjene i Lofoten har gått høgt den siste tida. Ja, NRK skal stille kritiske spørsmål. Men midt i støyen må me likevel halde fast på det heilt grunnleggande: Ny teknologi blir trygg gjennom felles utvikling. Slik har innovasjon i skipsfarten alltid skjedd i Noreg.
Det er heilt naturleg å stille spørsmål ved teknologiar, levetid og drift. Det er slitasje på alle maskiner og system, også brenselceller. Difor blir systema bygde og leverte med driftsprosedyrar, vedlikehaldsplanar, moderne overvaking og løysingar for sikker operasjon dersom vitale system skulle feile.
NRK lar vere å nemne at hydrogenferjene også kan gå på diesel dersom noko sviktar. Det er ein vesentleg del av tryggleiksbiletet. At dette blir utelate, gjer bildet skeivare enn det treng å vere.
Tryggleiken blir utvikla ilag
Mykje av debatten får det til å høyrast ut som om dette er eit laust eksperiment utan kontroll.
Sanninga er det motsette.
Dette er ein utviklingskontrakt, og i slike kontraktar er tryggleiken ein del av grunnmuren. Statens vegvesen er profesjonell oppdragsgivar som følger prosjektet tett. Sjøfartsdirektoratet godkjenner tryggleiksløysingane. Klasseselskap testar, måler, verifiserer og set krava som må vere oppfylt før ferjene får sertifikat. Reiarlaga driftar systema basert på høg kompetanse og lang erfaring.
Dette er trygg norsk maritim kultur i praksis: fleire instansar som jobbar saman, kikkar kvarandre i korta, og sørger for at ingenting blir tilfeldig. Det er denne modellen som har gitt oss nye verdsleiande, trygge ferjer i alle år, både LNG-ferjer og elferjer. Det er den same modellen me bruker no.
Regjeringa svarer
Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård har svart på kritikken på ein måte som fortener merksemd. Han peiker på at målet er trygge reiser for passasjerar og god konkurransekraft for næringslivet, og at me treng teknologi som både kuttar utslepp og møter krava til driftssikkerheit.
Til Stortinget utdjupar han at kontrakten nettopp er bygd for tryggleik: dei nye ferjene skal kunne gå på hydrogen store delar av tida, men dei skal også ha «backup»-løysing tilgjengeleg dersom det oppstår feil eller bortfall av hydrogendrift. Det er ein del av planen og skulle også vore med i mediebildet.
Her kjem det ei viktig påminning: enkeltsaker må ikkje brukast til å dømme eit heilt teknologifelt som framleis er under utvikling. Det er ei viktig å få fram i ei sak som lett får uforholdsmessig stor dramatikk.
Me har sett dette før
Då MF Ampere kom som verdas første el-ferje, var skepsisen stor. Mange meinte ho ikkje ville tole ruta eller vinterdrifta. I dag er elektriske ferjer ei av dei største norske teknologisuksessane, og dei har blitt viktige eksportartiklar. Der og då valde me å teste og lære, ikkje å stoppe og tvile.
Hydrogenferjene er i same situasjon no. Utviklinga går gjennom dei same fasane: frå det nye og krevjande, gjennom prøving, forbetring, og vidare inn i trygg, stabil drift.
MF Hydra i Rogaland har allereie gått på hydrogen og med brenselceller i tre år. Der har industrien vist at denne teknologien fungerer i dagleg drift, og ein har bygd kompetanse og erfaringar for framtidig utvikling.
Det er heilt i tråd med det forskarar nyleg peiker på i det leiande tidsskriftet Nature: ny teknologi utviklar seg nettopp gjennom slike periodar med prøving og justeringar før ho blir stabil og skalerbar. Dette er sjølve mønsteret i teknologi som skal drive omstillinga framover.
Den verkelege risikoen er å gi seg
Det er ikkje utviklinga som er den store risikoen. Det er frykta for å utvikle. Norsk maritim næring er ei av dei mest verdiskapande internasjonale næringane me har, den bygger på teknologisk leiarskap, og no etterspør verda nullutsleppsløysingar.
Om ikkje me testar, lærer og bygger kompetansen og produkta våre no, kjem andre land til å gjere det. Og då forsvinn både arbeidsplassar, erfaring og marknadsposisjon.
Hydrogenferjene skal vere trygge frå første dag. Og gjennom drift skal dei stadig bli bedre. Akkurat slik norsk sjøfart alltid har utvikla seg. Det handlar ikkje om å ta lett på risiko. Det handlar om å styre risiko på norsk vis: grundig, tett og i fellesskap. Og det er nettopp slik me held fram med å vere eit land som både bruker og sel dei beste og tryggaste løysingane. Ikkje eit land som blir redd for si eiga evne.
/ Håvard Tvedte
konstituert direktør, Maritime CleanTech














Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn
Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!