Sirkulære stemmer
Harald Nyland er driftsansvarlig for renovasjon i Sunnfjord Miljøverk

Nøkkelen til ei berekraftig framtid, ligg i sirkulær økonomi

I takt med at verdas befolkning vekst og forbrukar meir, står vi ovanfor ein utfordring. Korleis skalvi sikre eit berekraftig samfunn? Løysinga ligg i overgangen frå lineær økonomi til sirkulær økonomi.

Sirkulær økonomi, som fokuserer på å minimere avfall og maksimere ombruk, er ikkje berre ein nødvendigheit for miljøet, men og ein gyllen moglegheit for økonomisk vekst og innovasjon.

Vi har i lang tid følgt den tradisjonelle lineære økonomien, som fokuserer på lag, kjøp og kast. Dette er ikkje berekraftig på sikt. Sidan vi genererer store mengde avfall, tømmer naturressursane og lager store fotavtrykk i naturen. Difor kjem sirkulær økonomi inn i bilete. Denne økonomien promotera ein lukka-løkke-tilnærming. Der produkt og materialar blir haldne i bruk, så lenge som mogleg. Gjennom produktdesign, reperasjon, ombruk og resirkulering.

For å oppnå dette, må vi tenkje nytt om korleis vi designar produkt, korleis vi forbrukar, og korleis vi behandlar avfall. Eit døme er at produkta må designast for enklare demontering og resirkulering, forbrukarane må oppfordrast til å velje gjenbrukbare produkt ovanfor eingongsprodukt, og avfallssystemet må forbetrast for å fange opp og behandle ressursar meir effektivt. Sidan avfall er ein viktig ressurs.

Skal dette bli ein realitet, krevst det samla innsats frå alle sektorar. Regjeringar må leia an med politikk som fremjar sirkulære praksisar og økonomiske insentiv for gjenbruk og resirkulering, samt strengare reguleringar på avfallshandtering. På denne måten vil menneske og verksemder sjå verdien i den sirkulære økonomien. Til slutt må vi i avfallsbransjen finne dei beste løysingane for å behandle avfall meir effektivt og sørgje for at ressursane blir tatt med vidare i kretsløpet.

– 75 prosent av alt avfall må resirkuleres

I Avfallsbransjen.no, kunne ein lese 12. februar 2024, at 75 prosent av alt avfall må resirkulerast. Dette er den einaste måten, jamfør FEAD, til å nå klimamåla. Der dei skriv at « faktisk viser konsekvensutgreiinga at fram til 2040 vil sirkulær økonomi bli stadig viktigare for å oppnå både klimaambisjonar og ein ny  velstandsmodell for Europa. Det er nøkkelen til tiltak mot klimaendringar og overdriva ressursbruk (…) Dette gjer implementering av handlingsplanen for
sirkulær økonomi (CEAP) avgjerande og krev eit fornya partnarskap med industrien for ein sirkulær økonomiagenda framover.»

Vi står ved eit vendepunkt og går ein spennande framtid i møte. Ved å omfamne sirkulær økonomi, kan vi låse opp døra til eit meir berekraftig samfunn for alle. Det er på tide for oss å tenkje, forbruke, og handle på ein måte som forpliktar til å levere planeten vidare til dei som kjem etter oss på ein god måte. Samstundes må vi stå saman og ta det store steget, vekk frå lineær økonomi til sirkulær økonomi.

Til det beste for oss, framtidige generasjonar og planeten vår.

Kommentarer

Kun innloggede medlemmer kan legge igjen en kommentar Logg inn

Ikke medlem ennå? Bestill AB Pluss nå!

Siste nytt fra Cnytt.no

– Vi må slutte å importere biodrivstoff. Det må vi lage selv

Pia Farstad von Hall, Biogass Norge
Nasrin Naimy, Biogass Norge

– Dette er musikk i våre ører

Ingebjørg T. Wilhelmsen, Norsk Hydrogenforum
Kommersielle partnere
X

Hold deg oppdatert! Få vår ukentlige nyhetsoppdatering sendt direkte til innboksen din.

Din e-postadresse vil ikke bli brukt til å sende deg noe annet enn våre nyhetsbrev. Les mer på vår personvernside.